Plastfri juli? Start med plasflaska

I juli i fjor var omsetninga av vatn totalt 8.867.708 liter* i Norge. Dryge 2,5 millionar liter av dette var vanleg vatn, utan kolsyre. Kvifor kjøper vi eigentleg flaskevatn?

Når eg gjekk på barneskulen hadde vi ein skuletur til eit anlegg der dei hadde starta med noko heilt nytt, nemleg å tappe vatn på flaske som dei skulle selje. «Dette er det stor marknad for» hevda ein entusiastisk mann, medan han delte ut flaskevatn til alle dei måpande elevane. Vi var ikkje overtydd. Kven i all verda ville vell gidde å betale pengar for noko ein fekk gratis i vaksen, tenkte vi, og flira litt. Vi fekk likevel den entusiastiske mannen til å signere flaskene vi fekk, sånn i tilfelle dei skulle bli masse verdt ein gong i framtida.

Den signerte flaska sto lenge i kjellaren heime hos foreldra mine, og steig dessverre aldri i verdi, men flaskevatn som ei forbruksvare gjekk frå å vere noko vi tok for gitt – til å bli eit produkt i milliardklassen for globale, multinasjonale selskap. Det tok ikkje mange år før vi satt der, med flaskevatnet, og ingen lea eit augelokk om du valde å bruke pengane på flaskevatn.

Kva er problemet?

Kvart minutt kjøpast det ein million plastflasker globalt, og det er venta at talet vil stige med 20% innan 2021 i følgje The Guardian. Mange av desse flaskene blir aldri resirkulert, og om vi skulle vere so heldige å resirkulere flaskene, er omgrepet resirkulering litt missvisande. Det riktige ordet er eigentleg «downcycling» fordi kvaliteten på plasten blir forringa kvar gong den blir gjenbruket. Det betyr at den berre kan bli resirkulert nokre få gonger før den ender som permanent avfall.

I tillegg brukar dei seks ledande internasjonale bedriftene på leskedrikk gjennomsnittleg berre 7 % resirkulert plast i nye flasker. Dette fordi dei frykta at forbrukaren vil velje vekk flaska dersom det er høgre prosent, då dette vil gjere flaska uklar. Det gjer marknaden for gjenbruk av plast i drikkeflasker mindre. Visste du forresten at dersom plastflaska skulle ende i naturen ville det ta 450 år for den å «rotne». I mange tilfelle er det heller ingen garanti for at kjøpevatnet smakar betre en vatnet frå tapp. Plast er heller ikkje heilt tett og er ein av grunnane til at vatn er datostempla.

I kva situasjonar ender ein gjerne opp å kjøpe flaskevatn og kvifor?

Flaskevatn er gjerne noko vi kjøper på farten, på reise, på trening eller på veg til jobben, og det kan opplevast som litt hipt. Kva gjer at vi vel kjøpevatn over vatn frå springen? Er det av praktiske grunnar? Dersom ein kjøper ei flaske vatn, kva merke vel ein og kvifor? Dersom du ynskjer å redusere forbruk av flaskevatn, korleis kan du enkelt legge til rette for dette på ein måte som motivera til å ta i bruk drikkeflaska? Er det miljøaspektet som engasjera? Er det ei fin flaske? Er det økonomien? Eller kanskje andre ting?

Eg gløymer alltid å ta med meg flaska

Å ta med seg ei flaske heimanfrå krev at ein hugsar å ta med seg flaska – når ein går heimanfrå. Dersom du ofte gløyme å ta med deg flaska, kanskje det kan vere ei løysing å kjøpe inn fleire flasker og legge dei i treningsbaggen , jobbveska eller i bilen, om du har det. Du treng ikkje fylle opp flaska. Vatnet er best om det er tappa same dag. Dersom du kan kjøpe vatn kan du og tappe vatn. Fyll den opp når du treng det. Eg har til gode å få eit nei når eg ber tilsette i ein kiosk, kafé eller restaurant å fylle opp flaska mi.

DSCF1244 (2).JPG
Isolert drikkeflaske i rustfritt stål er lett å ta med seg og held seg godt. Denne flaska er godt brukt og er eit år gammal. Foto: Kristine Ullaland

Vanskeleg å bestemme kva drikkeflaske skal eg kjøpe

Mange kan bli overvelda av dei mange ulike råda ein får om drikkeflasker, og ein kan bli litt umotivert når ein har brukt mykje tid på å finne ei flaske som skal vere miljøvennleg for deg og miljøet, for so å få høyre at den ikkje er det likevel. Det enkle er ofte det beste – vel glas eller stålflasker. Glas vege litt, so dersom du treng 0,5 eller større, er det kanskje best med ei flaske i stål. Dersom du ser kjøkkenet med litt nye auge er det ikkje utenkeleg at du allereie har ei fin drikkeflaske i glas heime. Kanskje drikkeflaska di er ei glasflasker frå matbutikken, som tidlegare var fylt med eddik eller limonade? Eller kanskje du har ein ven eller eit familiemedlem som har ei flaske for mykje?

Flasker i metall får du isolert og vanlege. Ei vanleg flaske fungera supert. Dersom det er viktig for deg at vatnet er kaldt, og held seg kaldt lenge, kan ei isolert flaske vere tingen for deg. Dei mest vanlege drikkeflaskene som er isolert, er Klean Kanteen-flaskene, men andre flasker som 24-flaskene, er også gode flasker. Den isolerte flaska til 24 er alt i metall unntatt ein liten silikonring på korken. Det betyr at heile flaska kan gjenvinnast når den tid kjem. Dei vanlege flaskene til Klean Kanteen kan og resirkulerast, med unntak av silikonringen rundt korken. Det skal vere mogleg å resirkulere silikon, men det blir ikkje gjort i Norge per dags dato. Det er i saken over lenka til nettbutikkar, men dersom du bur i nærleiken av ein butikk som sel slike varer anbefala eg å ta turen, so får du deg litt trim, samstundes som du spara emballasje og frakt.

6951183600_acd8d2984e_z
Klean Kanteen kan kjøpast med ulike korkar. Foto: Geoffrey Franklin
Drikkeflaske for born

Born har ofte eit høgre aktivitetsnivå, og flaska må gjerne tole litt meir. Klean Kanteen si tåteflaske på 256 ml.  i stål held seg fin og er lett å reingjere. Flaska er lett å halde for barnet og du kan bytte ut flasketuten med vanleg tut når barnet blir større. For større born har dei flasker i størrelse 355 ml. og oppover, med ulike korkar/ tutar etter kva ein treng. Det gjer det lett å kjøpe ny kork dersom den skulle bli øydelagt eller ikkje lenger passe bruken. Det finnast og drikkeflaske til born i glas, men det passar ikkje for alle. Den norske bedrifta Blafre sel stålflaske til born, og er noko rimelegare en dei andre.

Korleis fjerne smak av flaska

Dersom du brukar flaska til andre ting en vatn, som til dømes kaffi, vil det sannsynlegvis sette smak på flaska. Dersom ikkje smaken forsvinn når du vaskar flaska, sett flaska i vatn og rør i ei ss. natron. La det stå over natta. Dette gjeld mest stålflasker, glas tar ikkje smak. Natron får du kjøpt i din lokale helsekostbutikk, Zero Waste-butikk eller innvandrarbutikk. Eventuelt finn du det på nett.

5801707885_8f994d60eb_z
Kanskje du har eit lite syltetøyglas heime som du føretrekke til drikke? Glas kan fint brukast til både kaffi og vatn utan at smakane heng att. Foto: Weston Mallgren
Plastfri juli?

Er du ein av dei som brukar ferien på å prøve ut nye ting? Kva med å prøve deg på plastfri juli, og få med deg familie og vener til å bli med på kampanjen for ein dag, ei veke eller heile juli?

Kampanjen Plastfri juli (Plastic Free July) starta i 2011, for å få folk til å reflektere meir over plastforureining. Kampanjen har mange linkar til Zero Waste-rørsla, men knyt seg berre til juli, og kan omfatte alt i frå å ta avstand frå ein-gongs-artiklar til heilt plastfri. Synst du ein månad høyrtes litt mykje ut? Du kan melde deg opp for ein dag, ei veke, heile juli eller frå no av. Høyrest det ut som noko for deg? Meld deg på her.

*Omfatta alle norske vatnprodusentar unntatt Isklar og Voss.

Toppfoto: Chesapeak Bay Program

Grønare kvardag er ei uavhengig heimeside og lenkene i posten er ikkje sponsa. Denne posten er laga med støtte frå Noregs Mållag.

Kommenter innlegget